Runde 8 i 1. Divisjon for Herrar

Samandrag

Rossvoll herrar spelte to bortekampar denne helga. Laurdag leverte laget ein sterk 3–1-seier mot Volda og klatra opp på 2. plass på tabellen. Kampen bøy på gode serveperiodar, solid lagspel og debut i 1. divisjon for 15 år gamle Mattis Kirketeig. Søndag møtte Rossvoll eit ungt Førdelag i Øyrane Arena. Etter tre jamne og intense sett enda kampen 0–3, og Rossvoll fekk ikkje med seg poeng denne dagen. Totalt tok laget med seg 3 av 6 moglege poeng heim frå helga. Herrane førebur seg no til kamp mot BSI borte og Volda heime om to veker – og ønskjer å sjå flest mogleg i hallen!

Lenkje til kampen mot Volda finn de her:

Rossvoll - Volda

Les meir om dei ulike kampane nedanfor:

Laurdag

Laurdag 15. nov tok herrelaget til Rossvoll turen til Volda for å spele sin 5. kamp i serien. Laget presterte godt og tok med seg 3 poeng vidare og klatra opp til ein andreplass på tabellen.

Poengoversikt:

Rossvoll 3 - 1 Volda

  1. sett: 25 - 17

  2. sett: 25 - 20

  3. sett: 19 - 25

  4. sett: 25 - 21


Kampskildring Volda:

Herrelaget opna kampen sterkt med stillinga 7-2, til tross for nokre lange timar i bil laurdag føremiddag. Dei held flyten gjennom settet og gir Volda god motstand. Dette resulterer i ein sterk seier med stillinga 25-17. I andre sett held Rossvoll fram med gode ballvekslingar og sterkt servetrøkk. Til tross for ein rotete settball drog gutane i land settet med 5 poeng i leiinga. Neste sett opna ikkje heilt etter planen og Volda tok over leiinga. Herrelaget finn ikkje att den gode flyten og presisjonen til laget synk. Motstanderlaget vinn derfor 25-19 og kampen går vidare til 4. sett. Dette opnar jamnare og laga måtte kjempe hardt for å vinne poeng. Etter eit taktisk servebytte frå trenar Jon Erlend Haukås, finn laget roen og heldt fram med å ta poeng mot slutten av settet. Herrane avsluttar kampen med 25-21 seier i siste sett. Kaptein David Eikeland seier i garderoben at han er nøgd med prestasjonen til lagkameratane og Rossvoll kunne ta med seg 3 gode poeng i sekken når dei tok turen attende til Førde.

Debut i 1. divisjon

Mattis Kirketeig 15. år har spelt sin første kamp i 1. divisjon.

I løpet av kampen mot Volda blei 15. åringen Mattis Kirketeig bytta inn på servei 1. sett mot Volda. Dette blei då hans første kamp i 1. divisjon. Han kom inn og satte ein god serve som auka leiinga til Rossvoll med 1 poeng. Vi gratulerer Mattis så mykje med debut og gler oss til å sjå meir av han i norsk volleyball framover!



Søndag

Søndag 16. nov var det duka for ny bortekamp i Øyrane Arena mot eit ungt Førdelag. Etter ein veldig jamn kamp med god kjemping i frå begge lag måtte herrane dessverre gi frå seg 3 viktige poeng til heimelaget og reise tilbake utan gevinst.

Poengoversikt:

Rossvoll 0 - 3 Førde 2

  1. sett 23 - 25

  2. sett 25 - 27

  3. sett 21 - 25


Kampskildring Førde:

Kampen mot Førde opnar tett og spanande, der begge laga kjempar hardt for kvar einaste ballveksling. Serven skiftar side nesten annakvart poeng, og ingen av laga klarer å rive til seg ei klar leiing. Når det står på som mest, er det likevel Førde som set inn eit ekstra gir og tek det første settet. I andre sett er 1.-divisjonslaget frå Rossvoll fast bestemte på revansj og kjem ut med høgt tempo. Gode serveperiodar frå kantspelar Simon Håland og oppleggar Håkon Svenøy gir laget ei solid leiing på 20–11. Men Førde finn plutseleg rytmen, medan Rossvoll byrjar å gjere mange feil. Etter eit uventa comeback spelar heimelaget seg heilt opp til 25–25. Også denne gongen er det Førde som er skarpast i dei avgjerande augneblikka og tek det andre settet. I tredje sett klarer ikkje Rossvoll å finne tilbake flyten, og Førde held kontrollen gjennom heile settet. Heimelaget sikrar dermed 3 poeng etter søndagens kamp, medan Rossvoll reiser heim med 3 av 6 moglege poeng frå helga.

Skrive av Andreas Borkamo.

Neste
Neste

Sommarleir i Øystese(Hardanger) 7 - 10 august 2025