Fire lag frå Rossvoll VBK klare for NM i mars og april

Etter sterke prestasjonar i regionmeisterskapa (RM) har Rossvoll Volleyballklubb kvalifisert heile fire lag til aldersbestemte NM. Gutelaga i U15, U17 og U19, samt jentelaget i U19, er no klare for å kjempe om nasjonale titlar etter ein lang og innhaldsrik sesong.

Her kan du lese meir om vegen til NM og kva mål dei ulike laga har for meisterskapa.

U15

U15-NM blir arrangert i Molde 20.–22. mars, der arrangøren SK Rival tek imot 24 gutelag og 24 jentelag som skal kjempe om NM-tittelen.

Rossvoll sitt U15-lag sikra seg plass i meisterskapet etter ein sterk 2. plass i RM på Sveio. Lagleiar Kjetil Nyland fortel at laget har hatt god utvikling gjennom sesongen.

– Målet for NM er å lære meir om volleyball, møte gode lag frå heile Noreg og få verdifull erfaring frå eit nasjonalt meisterskap. Spelarane skal også bli betre kjende både på bana og sosialt utanfor bana. Dette er spelarar som kan spele volleyball saman i mange år framover, seier han.

U15 på seriedag i Haukelandshallen 8.mars.

U17

10.–12. april arrangerer Kristiansand Sandvolleyballklubb NM for U17. Vegen dit var både spennande og litt nervepirrande for Rossvoll-gutane.

Etter ein svært god kamp mot Framnes IL i RM enda laget på ein tredjeplass. Sidan dette ikkje gav direkte kvalifisering til NM, måtte laget setjast på venteliste og håpe på ein ledig plass. Då trenar Trine Sundfjord etter kvart fekk den gode nyheita om NM-plass, kunne førebuingane starte for alvor.

U17-laget er eit ungt lag i utvikling, med spelarar som har ulik erfaring. Nokre har deltatt i NM tidlegare, medan andre skal oppleve meisterskapet for første gong.

– Målet vårt er å få mykje god kamperfaring, lære å stå i krevjande kampsituasjonar og halde på spelegleda uansett kva poengtavla viser. Det viktigaste er at dette blir ei kjekk oppleving for alle, både på og utanfor bana, og at vi jobbar saman som eit lag. Så får vi sjå kor langt det held resultatmessig, seier ho.

U17-gutane tok 3. plass på RM i Sandslihallen.

U19

Begge U19-laga kunne feire NM-plass etter at både gutane og jentene tok sølv i RM på Husnes same dag. No ventar NM i Volda 13.–15. mars.

Gutelaget består av fleire spelarar som har spelt saman i mange år, i tillegg til nokre nye som kom til klubben denne sesongen. Samla sett har laget god erfaring frå aldersbestemte NM, og dei har lagt ned mange treningstimar i førebuingane.

Spelarane er aktive både i 1. og 2. divisjon, og laget vann nyleg U19-serien i Hordaland. For mange av spelarane blir dette det siste aldersbestemte meisterskapet, og ambisjonen er å levere gode resultat for klubben.

Også jentelaget har mange treningstimar bak seg saman og er klare for sitt siste aldersbestemte NM. Trenar Eilev Nyland fortel at målet er å få fram det beste i laget.

– Vi håpar å kome oss til åttedelsfinale. I eit NM kan alt skje, seier han.

U19-jentene og -gutane tok begge sølv i RM på Husnes.

Vi ønskjer alle Rossvoll-laga lykke til i NM og håpar klubben set spor etter seg i volleyball-Noreg. God tur og lykke til! 🏐

Skrive av Andreas Borkamo.

Neste
Neste

Sparebanken Norge sponsar Rossvoll med 40 000 kroner!