Gull og Sølv i NM Beach volleyball junior!

NM U21
Rossvoll sikra 2 nye edle medaljer i andre del av junior NM i sandvolleyball i Kristiansand. Sunniva Helland-Hansen og makker Live Lunde Fossdal (Oslo) tok ein solid gullmedalje i U21 klassen. Resultatet vart 2 – 0 (21-17 og 21-12). Same duo var og med i Norges Tour for seniorar som vart arrangert samstundes. Der kom dei på 2. plass. Veslebror Johannes Helland-Hansen med makker Ivar Andersland (Stord/Rossvoll) fekk sølv etter å ha kjempa seg også til finale i U17 klassen etter siger i puljespel og sluttspelet. Førehandsfavorittane frå Kristiansand vann, men gutane frå vest beit godt frå seg og settsifra vart til slutt 15-21 og 21-23 med 0-2 i tap. I klassen var 27 lag med. I U21 klassen var også Rossvoll spelar Anja Solberg og makker Rebekka Hestad Eikeland (Strand-Ulv) med. Dei tok ein fin 7. plass av totalt 16 lag. Monika Femsteinevik Stakseng og Elisabeth Aasprang fekk også ein god 11. plass i U17 klassen. Her var heile 49 lag med å tevla. Det vart spelt mange gode og jamne kampar der marginane ofte kan vere små på om det vert siger eller tap.

Bilde: Live Lunde Fossdal (t.h.) og Sunniva Helland-Hansen (t.v.)

 

Rossvoll spelar på Landslaget

 

Rossvoll spelar på U 17 Landslaget.

 

Rossvoll   gratulere 15 år gamle Johannes Helland-Hansen

som er tatt ut på u17 landslaget .

Landslaget har lagt i trening på TVN i haustferien

og gjer seg no klar for Nord Europeisk turnering NEVZA i Ikast

i Danmark 17.-21 .oktober 2016.