Isak Helland- Hansen

 

 

Isak Helland- Hansen frå Øystese i Hardanger, har gått to år på Madisin Hat college,
sør i staten Alberta i Canada.  Tjueåringen studerer Bachelor in Ecotuourism and
outdoor leadership og har fått schoolarship ved colleget der han spelar volleyball. "
The Rattlers " vart nr. 2 i serien i South Alberta. Isak er tidlegare i vår heidra på
bankett for Colleget med fem utmerkingar i år for sine sportslege og akademiske
bragder. Han vart kåra til "Male athlete of the year " på Madisan Hat College.  I
tillegg vann han ACAC (Alberta Colleges Athletic Conference)  Athlete of the year og
ACAC All Conference (Ein pris som skal fremje altetiske prestasjonar med gode
akademiske prestasjoner). Han var ein av to spelarar frå Albetra som vart utpeika
til å reisa til Vancuver der college sluttspelet i Canada vår, og der er han ein
av ti volleyballspelarar i heile Canada collegeleage som vart heidra med CCAA
 Academic All- Canadian og CCAA All- Canadian awards.

NM U17

11.-13. mars arrangerte Gneist Volleyball NM for U17 i Sandslihallen i  Bergen.
Både jentene og gutane til Rossvoll hadde kvalifisert seg.
Jentene enda på ein 6.plass etter å ha spelt mange gode kampar. Nivået på U17 er svært høgt, så her har dei verkeleg fått visa at dei er med i toppen. NMU17Gutar Gutane kom på 9.plass, ei flott plassering etter mange gode og harde kampar.
KSK frå Kristiasand vann både jente-og guta klassen.

NM for U15 i Kristiansand 3.-6.mars

Innleiingsvis tapte U15 jentene 0-2 for Øksil, og 1-2 tap mot KSK. Godt nøgde med å ta sett frå KSK som seinare i NM tok 3.plass.
I 1/16 dels finalen spelte jentene jamn kamp mot Askim , men tapte diverre 24-26 og 25-27. Dette enda i nedre sluttspel.
Laurdagen møtte jentene Strandvik som dei har spelt jamnt mot tidlegare i sesongen, men tapt, så ein 2-1 siger mot dei kompenserte for alt.
I andre kamp på laurdagen slo jentene Brøstadbotn  2-0, før dei avslutta med nok ein 2-0 seier på søndagen mot Inderøy.
Det var ein triveleg helg med flinke og kjekke jenter, der mødrene Marita Aksnes og Anna-Mette Klyve var til stor hjelp for trenar Trude Femsteinevik.
Takk alle saman, og godt spelt jenter!

U19 NM i Volleyball


4.-6. mars fann NM i U19 volleyball stad i Sandane.
Gute og jentelaget frå Rossvoll VBK spelte veldig gode innleidande kampar som gav dei 2.plass etter endt gruppespel i NM. Dei vann to kampar og tapte ein kamp i «tie brake» dvs. 2-1. 
Påfylgjande vart det åttandelsfinale for jentene som vann 2-0. I kvartfinalane tapte begge laga mot Austrått-jentene og Førde-gutane.
Dei neste kampane vart  spanande og spelekrevjande. Jentene kjempa seg til ein god 7. plass av til saman 16 deltakande lag, og gutane enda på 8. plass av totalt 14 lag. 
Trenar Eilev Nyland med assistenttrenarane Reidun Solberg og Bård Hogne Kjosås var til stades med U19 jentene og Sturla Nødtvedt og Eivind Dybdahl, gutane.

 

 
 
Godt spelt!


Gratulera til KSK (jenter) og Askim (gutar) som Norgesmeisterar i volleyball 2016.


Klikk deg inn på Noregs Volleyball forbund si heimesida for meir info og anna; https://volleyball.klubb.nif.no/Sider/Hjem.aspx

U15 jenter til NM

RM2016U15jenter
Siste helga i januar var det  RM for U15 i Sveio.  Jentelaget sikra seg sylv og ein plass i NM, som finn stad i Kristiansand 4.-6. mars. Gratulera :)

Regionmeisterskap U17 og U19

U19Gutar U17Jenter

23-24. januar fann Regionmeisterskapet stad i Haukelandshallen i Bergen, der U17 og U19 jenter og gutar kjempa om ein plass i NM. For å klara det, må ein hamna på fyrste eller andreplass.

Laurdagen vann U17 gutar dei to fyrste kampane, tapte den tredje og siste mot Nyborg, og enda på ein sylvmedaljeplass. 
U17 jentene hadde stål i kroppen, vann alle kampane der dei i finalen sigra 2-0 mot Strand-Ulv, og reiste heim med gull om halsen.

Dagen etter, var det U19 laga som stod for spenninga i hallen. Ingen klarte å slå Rossvollgutane, og dei vann alle fire påfylgjande kampane, 2-0. Det kjendes særs godt å sigra over erkerivalen Sotra!
Dei tre fyrste kampane sigra U19 jentene 2-0 med god margin. Då dei kom til  finalen, vann Strand-Ulv over Rossvoll , og jentene tok sylv.

Rossvoll er svært nøgd med helgas resultater, der alle dei fire laga går vidare til NM, gratulera!  Volleyball NM 2016 vert arrangert i Sandane 4.-6. mars.

Komande helg, 29. -31. januar brakar det laus i Stavanger Idrettshall. Lag frå vidaregåande skuler og folkehøgskuler møtes til norgesmeisterskap i Stavanger. Her skal Øystese Gymnas, Framnes KVGS og Fusa vidaregåande skule representera Hordaland med gut, jente, og miks lag.

EM og NEVZA sandvolleyball

 

Sunniva Helland-Hansen vart tidligare i år tatt ut Internasjonalt til å representera Noreg i EM sandvolleyball. EM U22 fann stad i Portugal 27.-30. aug, og 2.-5. sept. EM U20 i Kypros .
Klikk deg inn på FB sida til Rossvoll for utfyllande tekst.

Smash off 2015


Foto: Lars Endre Tholo

Femte året på rad arrangerte Rossvoll volleyballklubb  Smash off helg i Øystese 5.-6. september, og som vanleg vart dette ein stor suksess med mange påmelde.
110. spelarar, 12-18 år, og 9. trenarar deltok.  37. stk frå Rossvoll . Alle fekk to treningar kvar begge dagane.
90. stk samlast laurdag kveld til felles middag og quiz. 60. ungdomar overnatta på gymnaset, og det vart servert frukost sundag morgon. Mange foreldre stilte opp med innkvartering, måltid og vakt på gymnaset.
Smash off helga er ein god start for ivrige volleyballspelarar som er klar for ein ny sesong.

EM for Helland-Hansen

Sunniva Helland-Hansen

Sunniva Helland Hansen, frå Øystese, reiser 24. august til Portugal saman med landslaget i sandvolleyball.
Helland Hansen og Live Lunde, frå KFUM frå Stavanger,  skal representera Noreg i
Europa meisterskapen (EM) i klassen U22. Dei to stod lenge på venteliste for å få vera blandt dei 32. laga som får spela under EM U22., og er Noreg sitt 2. lag på kvinnesida. Sunniva har hatt dette som ei av måloppnåingane sine denne sesongen.
I byrjinga av august tok ho gull i NM U21 saman med makker
Hanna Sofie Perrens frå KFUM Stavanger. Det er tredje året ho tek gull i denne klassa. Veka etter EM U22, reiser jentene til Kypros for representera Noreg som 1. lag i EM U20. Dette vert då Sunniva sitt femte EM meisterskap.

Helland-Hansen visar til gode resultat frå seniorturneringar denne sesongen.
I NorgesTour tok ho seieren i Stavanger Open, saman med
Ane Guro Hjortland frå Hatlestrand, samt heile 5. tredjeplassar med EM makkarane sine.

No gjenstår å setja inn støtet internasjonalt, og jobba for best mogleg plassering i EM.

Bra spelt Sunniva :) God tur til Portugal, og masse lukka til.

Takkar HF for eit flott innlegg i forrige avisutgåve.

JUNIOR NM I SANDVOLLEYBALL 2015

I månadsskifte juli og august har fleire spelarar frå Rossvoll volleyballklubb delteke i noregsmeisterskap i sandvolleyball for juniorar, som fann stad i  Kristiansand. Rossvollspelarane markerte seg med gode prestasjonar, og det vart spelt mange jamne og spanande kampar gjennom ei veke der.
 
Sunniva Helland-Hansen vart igjen noregsmeister i klassen U21 tredje år på rad, saman med medspelar Hannah Sofie Perrens frå KFUM Stavanger. Dei vann finalen overlegent 2-0 med settsifra 21-13 og 21-11.
 
Monica Femsteinevik Stakseng og Elisabeth Aasprang vart nr. 5. av 24. tevlande lag i klassen U15. Paret klarte nesten å kvalifisera seg til semifinale etter ein lang og jamn kvartfinale mot Tora Aksnes og Hanna Eikeland frå Strand Ulv. Resultatet vart til slutt tap 1-2.
 
I klassen U17 deltok 44. lag.
Anja Solberg og makker Rebekka Eikeland frå Strand-Ulv tok ein 9. plass. Hanna Sagen Tholo med makker Renate Lie frå Sveio fekk ein 19. plass, og Aasprang/Stakseng landa på ein 25. plass.
 
Paret Solberg/Eikeland deltok også i U19 klassen, og tok 19. plass av totalt 36. lag.
 
Gutane sikra seg også gode resultat.
I U17 klassen deltok 23. lag. Jon Bjarne Kvaale Istad og Martin Sundvor vart nr.7., og Johannes Helland-Hansen og makker Ivar Andersland frå Stord tok ein 9. plass.

I U19 var det 29. lag som tevla. Torbjørn Femsteinevik Stakseng og Johannes Helland-Hansen vart nr.18 og Isak Haugen med makker Torjus Tuft enda som nr.23.

Godt jobba, og gratulera med gode resultat!